Hilsen fra styreleder Ingvar Frøyland

Hilsen fra styreleder Ingvar Frøyland

19. januar 2021

«Der ord sviktar, talar musikken», har H.C. Andersen sagt. Mitt håp for 2021 er at MUNOR sin musikk får tala til oss og at den får røra ved våre følelsar ofte. Musikk høyrer til ved mange av livet sine viktige milepelar, enten det gjeld glede eller sorg. Sjølv om også dette nye året har starta med koronafokus og isolasjon, håpar eg at 2021 gradvis blir eit normalt år for oss alle og eit gledens år med musikk live i konsertsalar og på ulike scenar rundt på Haugalandet.

I 1981 vart Fylkesmusikarane i Nord-Rogaland etablert. Gjennom omorganisering i 2007 vart dagens MUNOR Musikkselskapet Nordvegen AS resultatet. 2021 er dermed 40-jubileumsår for musikar- ordninga. Dette vil særleg bli markert til hausten. Styret vedtok i desember strategi for dei komande åra. Der vidarefører ein visjonen for MUNOR: «Kunstmusikk til alle». Gjennom kammermusikk skal ensemblet skapa noko unikt for oss ved å løfta klassisk musikk frå fortid og nyskapt i vår samtid fram til våre sansar. Gjennom sine dyktige profesjonelle musikarar veit eg at MUNOR vil gi oss dei gode, nyskapande opplevingane som me alle ønskjer oss.

Ha forventningar til MUNOR-året 2021, gled deg, møt opp på konsertar, og la musikken tona i deg på vegen heim igjen!