Det er sårt å miste sine næraste, gamle foreldre – eller andre som berre alltid har vore der. Ei sorg vi ikkje snakkar så høgt om. Her inviterer vi til ei varsam og meditativ framføring. Eit rom å vere i med eigne tankar og kjensler – men og saman i eit større fellesskap – der tekst og tonar til tider flyt saman, men og står kvar for seg.
Publikum får oppleve musikk mellom anna av Arvo Pärt og Johann Sebastian Bach, i samspel med tekstar av Karoline Emmerhoff frå boka Eg har ikke mor, eg, som ho gav ut sist haust. Boka handlar om å miste ei mor, langsamt.
(Billettsalget starter snart)