Tom Roger Aadland-Trio og MUNOR Tysværtunet 28. sept.kl. 19:00

Tysværtunet kulturhus torsdag 28. september kl. 1900

Tom Roger Aadland er fortsatt på vegen – og fortsatt på veg.
Heldigvis er Tysværtunet Kulturhus ein del av denne vegen i haust!

Rockepoeten Tom Roger Aadland slepper nytt album mars 2018, denne gongen med eigne låtar. Dei som har høyrt det nye materialet seier dette ser ut til å vera Aadland si lysaste plateutgjeving.

Plata er spelt inn med same mannskap som dei to førre kritikarroste albuma «Blondt i blondt» frå 2016 og «Rapport frå eit grensehotell» i 2015: Kjetil Steensnæs – gitar, Tor Egil Kreken – bass, Erlend Dahlen – slagverk og Sigbjørn Apeland – orgel. På konserten stiller Aadland med med trio samt strykekvartett og obo fra Munor.

Det blir servering i Storsalen i frå 1 time før konsertstart.

Billetter>>

Skriv en kommentar