Mystisk og Melankolsk Tysværtunet 16. mars kl. 11:30

Munor hadde eigen tributekonsert til Leonard Cohen saman med  Helge Martin Framnes, Anita Helgeland, Tom Roger Aadland og Wholy Martin sist juni. I Munor si jubileumsbok har den konserten fått breid dekning. Ideen om ein lunsjkonsert i Cohen sin ande der også boka kjem i fokus, dukka opp i samarbeid med Tysvær bygdeblad. I tillegg har vi kome i kontakt med folkbandgruppa Rags & Feathers. Navnet tar dei fra Cohens vakre sang «Suzanne», der tvillingane Kjersti  og Rønnaug Tingelstad er «feathers» og Oddbjørn Austevik er «rags». I desember fekk dei ein av Karmøy kommune sine kulturstipend for Cohenarbeidet sitt. Vi slår oss saman i Cohens mystiske og melankolske musikk. Det vert også høve til å møte Edgar G. Bachel, fotografen bak Munorboka. Gratis lunsjkonsert.

Skriv en kommentar